Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må være innanfor same år
F260 / MAGNET_EDAG-260
Kvifor denne feilmeldinga
Du har før opp ein startdato og sluttdato på etterbetalingsperioden som ikkje er innanfor same kalenderår.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- ført opp feil startdato på etterbehandlingsperioden
- ført opp feil sluttdato på etterbehandlingsperioden
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller start- og sluttdatoen du har ført opp, og endre slik at start- og sluttdatoen på etterbetalingsperioden er innanfor same år.
- Dersom etterbetalinga gjeld meir enn eitt år, må du dele opp beløpet. Det må vere eitt beløp per kalenderår.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – feil i årstal
Eit pensjonsselskap sender a-melding for mai 2018 med opplysningar om ei etterbetaling av pensjon og livrenter i arbeidsforhold for Lise på 15 000 kroner som gjeld for perioden 1. oktober 2016 til 31. desember 2017.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-260 fordi start- og sluttdatoen har ulikt årstal.
A-melding for mai
Pensjonsselskapet endrar til:
2016 |
|
Etterbetaling og livrenter i arbeidsforhold etterbetaling |
3 000 |
Startdato etterbetalingsperiode | 1. oktober 2016 |
Sluttdato etterbetalingsperiode | 31. desember 2016 |
2017 |
|
Etterbetaling og livrenter i arbeidsforhold etterbetaling |
12 000 |
Startdato etterbetalingsperiode | 1. januar 2017 |
Sluttdato etterbetalingsperiode | 31. desember 2017 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.