Etterlønn etter dødsfall (trekkfri)
Gjeld lønn til og med 1 ½ gonger grunnbeløpet som er utbetalt etter ein persons dødsfall, og som ikkje var opptjent før dødsfallet
Kort om skattefri etterlønn etter dødsfall
Før opp all skattefri lønn som:
- er opptent etter
- og blir utbetalt etter at ein person er død
Etterlønn som tilsvarar 1 ½ gonger grunnbeløpet i folketrygda er skattefri. Skattepliktig etterlønn skal rapporterast som etterlønn og etterpensjon etter dødsfall.
Med etterlønn meiner vi utbetalingar som den avlidne ikkje har opptent før dødsfallet. Dette kan vere gåver eller andre utbetalingar i ei overgangsperiode etter dødsfallet. Den delen av etterlønna som ligg innanfor 1,5 G (grunnbeløpet i folketrygda) er skattefri.
Det er berre den skattefrie etterlønna som skal rapporterast. Du skal ikkje oppgi skattefri etterpensjon i a-meldinga. Den delen av etterlønn og etterpensjon som overstig 1,5 G skal rapporterast som skattepliktig etterlønn og etterpensjon.
Lønn som er opptent før dødsdato, men utbetalt etter dødsdato, skal rapporterast som Lønn etter dødsfall (til dømes feriepengar eller bonus)
Kva for opplysningar skal du føre opp
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, etterlønn |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Oppgi «kontantyting» og «etterlønn».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET-EDAG-260 |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar i kontrollar.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.