Kjøpt eller fått gardsbruk
Når du har kjøpt eller overtatt eit gardsbruk, må du sikre at opplysningane er rette i skattekortet og skattemeldinga di.
Du må fordele kjøpesummen/vederlaget på dei ulike eigedelane på garden, som bustad, driftsbygning og jord.
Kort om
Overtaking av eit gardsbruk skjer vanlegvis ved kjøp eller ved generasjonsskifte, anten det er arv, gåve eller ein kombinasjon av gåve og kjøp (gåvesal).
Dette må du gjere
Rett etter at du har overtatt:
Sjekk at skattekortet ditt er rett. Dersom til dømes inntektene dine blir endra, bør du oppdatere dette.
Når du skal levere skattemeldinga:
Du må sjekke at informasjonen om gardsbruket og formuesverdien er oppført i skattemeldinga di. Du må også fordele kjøpesummen/vederlaget på dei ulike eigedelane på garden, som bustad, driftsbygning og jord.
Dette treng du for å
- oppgi verdien på eigedelane i bedrifta i rekneskapen og næringsspesifikasjonen i skattemeldinga (berre om du er næringsdrivande)
- berekne skatt på gevinst eller frådrag for tap dersom du seinare sel gardsbruket, eller gir det bort i gåve eller ved arv
Slik fordeler du verdiane:
Kjøpesummen/vederlaget skal fordelast på dei ulike eigedelane på gardsbruket. Eigedelar på gardsbruket er vanlegvis
- bustad(er)
- driftsbygningar som låve, fjøs og liknande
- jord, skog eller tomt
- mjølkekvote
Fordeling av kjøpesummen skal i utgangspunktet vere lik for kjøparen og seljaren.
- Dersom kjøparen og seljaren har fordelt kjøpesummen i kontrakten, er det den fordelinga som blir brukt.
- Dersom kjøpesummen ikkje er fordelt i kontrakten, skal han fordelast basert på marknadsverdien til dei ulike eigedelane. Om du har kjøpt gardsbruket til foreslått pris/takst, skal fordelinga på dei ulike eigedelane vere oppgitt i taksten.
Døme: Kjøpt til takst
Per kjøper eit gardsbruk til 4 millionar kroner. I taksten på gardsbruket er marknadsverdien oppgitt slik:
Bustad (våningshus) | 2 mill. kroner |
Låve | 1,5 mill. kroner |
Jord/skog | 500 000 kroner |
Viss du har kjøpt gardsbruket til ein annan pris enn taksten, må du fordele kjøpesummen på eigedelane etter same forhold som taksten viser.
Døme: Kjøpt under takst
Per kjøper eit gardsbruk til 3,5 millionar kroner. Taksten var 4 millionar. Han har då betalt 3,5 millionar / 4 millionar = 87,5 prosent av kjøpesummen. Han skal fordele verdiane etter same forhold.
Takst | 87,5 % av takst | |
Bustad | 2 000 000 kr | 1 750 000 kr |
Låve | 1 500 000 kr | 1 312 500 kr |
Jord/skog | 500 000 kr | 437 500 kr |
Døme: Kjøpt over takst
Per kjøper eit gardsbruk til 4,5 millionar kroner. Taksten var 4 millionar. Han har då betalt 4,5 millionar / 4 millionar = 112,5 prosent av kjøpesummen. Han skal fordele verdiane etter same forhold.
Takst | 112,5 % av takst | |
Bustad | 2 000 000 kr | 2 250 000 kr |
Låve | 1 500 000 kr | 1 687 500 kr |
Jord/skog | 500 000 kr | 562 500 kr |
Viss du har overtatt gardsbruket gjennom arv, gåve eller ein kombinasjon mellom gåve og kjøp (gåvesal), skal du fordele verdien på dei ulike eigedelane som er overtatte.
Korleis du fordeler verdien på dei ulike eigedelane er avhengig av om gardsbruket kunne ha vorte selt skattefritt eller ikkje på det tidspunktet du arva eller fekk gardsbruket.
Viss gardsbruket kunne ha vorte selt skattefritt
Viss gardsbruket kunne ha vorte selt skattefritt på det tidspunktet du overtok det, skal du bruke 75 prosent av marknadsverdien på gardsbruket når du fordeler verdien på dei ulike eigedelane.
Døme
Per arvar eit gardsbruk som oppfyller vilkåra for skattefritt sal på det tidspunktet han overtar det. Han skal då fordele 75 prosent av marknadsverdien til gardsbruket på dei ulike eigedelane som følgjer med gardsbruket.
Marknadsverdi | 75 % av marknadsverdi | |
Bustad | 3 000 000 kr | 2 250 000 kr |
Låve | 1 000 000 kr | 750 000 kr |
Jord | 500 000 kr | 375 000 kr |
Viss gardsbruket ikkje kunne ha vorte selt skattefritt
Viss gardsbruket ikkje kunne ha vorte selt skattefritt på det tidspunktet du overtok det, skal du bruke same verdi som eigedelane hadde hos seljar/givar på det tidspunktet du fekk eller arva gardsbruket. Du overtar den verdien som eigedelane på gardsbruket hadde hos den førre eigaren då du kjøpte/overtok gardsbruket.
Sjølv om salet av eigedommen er skattepliktig, kan salet av eigen bustad eller fritidsbustad vere skattefri for seljaren. Om du er usikker på dette, kan du bruke vegvisaren vår for sal av bustad.
Spesielt for deg som
Dersom seljaren eller givaren har burett (kår/føderåd) på gardsbruket, skal du trekkje frå verdien av denne buretten før du fordeler verdien på eigedelane.
Viss du har arva gardsbruket eller overtatt det som gåve eller ved gåvesal, og gardsbruket kunne ha vorte selt skattefritt, skal du ta utgangspunkt i 75 prosent av marknadsverdien. Det vil seie at du skal redusere marknadsverdien på dei ulike eigedelane med 25 prosent før du trekkjer frå verdien av buretten.
Finn verdien du skal trekkje frå
Verdien av buretten finn du i takseringsreglane for året du overtok eigedommen. Du skal gonge verdien med ein eigen sats (kapitaliseringsfaktor for kår), basert på den antatte levetida for den som har buretten.
Viss fleire personar har burett, til dømes begge foreldre, er det personen med høgast statistisk gjenverande levetid som skal vere grunnlaget.
Du skal trekkje verdien av buretten for alle år (den kapitaliserte verdien) frå verdien av den bustaden som buretten er knytt til.
Per arvar eit gardsbruk frå faren, med avtale om at faren blir buande på gardsbruket resten av si levetid. Bustaden som faren til Per bur i er 65 kvadratmeter. Per sjekkar takseringsreglane for det året det gjeld og finn at verdien av buretten er 30 000 kroner for det året.
Faren til Per er 75 år gammal. I satsane under "kapitaliseringsfaktor for kår" finn Per at han skal bruke faktoren 7,733 for menn 75 år.
Verdien av buretten er då 30 000 kroner * 7,733 = 231 990 kroner. Denne verdien må Per trekkje frå verdien av bustaden som faren bur i.
Marknadsverdien på gardsbruket er 2 millionar kroner. Marknadsverdien på bustaden er 1 million kroner. I tillegg har gardsbruket ein låve og jordbruksareal. Per trekkjer verdien av buretten frå marknadsverdien på bustaden: 1 000 000 kroner – 231 990 kroner = 768 010 kroner.
Verdien på bustaden blir sett til 768 010 kroner. Verdien på dei andre eigedelane, låve og jordbruksareal, blir fordelt slik som taksten er på dei ulike eigedelane.
Dersom verdien av buretten er større enn marknadsverdien på bustaden, blir marknadsverdien på bustaden sett til 0. Resten av beløpet blir då brukt til å redusere verdien på dei andre eigedelane.
Kari arvar eit gardsbruk frå mora, med avtale om at mora blir buande på gardsbruket resten av levetida si. Kari finn at utleigeverdien for bustaden som mora bur i er 45 000 kroner.
Mora er 65 år gammal. Kari finn at kapitaliseringsfaktoren for kvinne 65 år er 13,659. Verdien av buretten er då 45 000 kroner * 13,659 = 614 655 kroner.
Marknadsverdien på gardsbruket er 800 000 kroner og er fordelt slik:
Bustad (våningshus) | 500 000 kroner |
Låve | 200 000 kroner |
Jord/skog | 100 000 kroner |
Sidan verdien av buretten er større enn marknadsverdien på bustaden, blir marknadsverdien til bustaden sett til 0 kroner. Kari står då igjen med ein differanse på 614 655 kroner – 500 000 kroner = 114 655 kroner.
Ho skal fordele 114 655 kroner på dei andre eigedelane. Fordelinga blir då slik:
Bustad (våningshus) | 0 kroner |
Låve | 123 563 kroner |
Jord/skog | 61 782 kroner |
Dersom seljaren eller givaren får andre ytingar, til dømes produkt frå jordbruket som ved, grønsaker eller liknande, skal du også ta med verdien av produkta når du reknar ut verdien av buretten.
Dokumentasjon
Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør.
Dokumentasjon du bør ta vare på så lenge du eig eigedommen:
- kjøpekontrakt
- takst
- oppsett som viser fordelinga av verdiane på eigedelane ved overtakinga
- utrekning av kapitalisert burett/kår