Formuesverdi på skog
Formuesverdien på skog blir sett ut frå storleiken og veksten på skogen. Verdien blir brukt for å få berekna rett skatt.
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som har ein skog som er eigna til å gå med overskott.
Korleis berekne formuesverdi på skog
Det er ein viktig føresetnad for å berekne formuen at du kjenner storleiken og veksten til skogen. Veksten blir berekna med utgangspunkt i boniteten til skogen.
Slik sjekkar du storleiken på skogen eller fordelinga på bonitetsklassar:
-
Driftsplan for skogen din (skogbruksplan). Dette får du hos skogeigarsamvirket ditt eller hos skogforvaltninga i kommunen.
-
NIBIO gardskart. (Vel "Markslag 13 klassar" i menyen)
Slik finn du formuesverdien på skogen:
- Ta utgangspunkt i arealet til skogen per bonitetsklasse og gong desse med tilveksten. Då får du den årlege nyttbare tilveksten.
- Den årlege nyttbare tilveksten skal vidare gongast med avkastningsverdien til kommunen. Då får du tilvekstverdien.
- Til sist skal denne tilvekstverdien gongast med skogsfaktoren. Du kjem då fram til formuesverdien på skogen.
Den årleg nyttbare tilveksten til skogeigedommen kjem fram ved å gonge det produktive arealet til eigedommen, fordelt på 4 bonitetsklassar (svært høg, høg, middels og låg), med den fastsette tilveksten for kvar enkelt bonitetsklasse.
Tilveksten for kvar enkelt bonitetsklasse er fastsett til:
- Svært høg 0,7 m3 per daa
- Høg 0,4 m3 per daa
- Middels 0,25 m3 per daa
- Låg 0,08 m3 per daa
Avkastningsverdien blir fastsett for kvar kommune ut frå ulike pris- og kostnadssoner. Prissona og kostnadssona du høyrer til blir henta automatisk basert på kommunen eigedommen ligg i. Sjå vedlegg i takseringsreglane.
Det er ikkje mogleg å korrigere prissona individuelt. Det er mogleg å avvike frå kostnadssona viss du har spesielt høge kostnader.
Skogfaktor er ein kapitaliseringsfaktor for å berekna formuesverdien. Skogfaktoren er sett til 5.
Du eig 1 000 dekar skog i ein kommune som ligg i pris- og kostnadssone A1:
- 500 dekar svært høg bonitet
- 200 dekar høg bonitet
- 100 dekar middels bonitet
- 200 dekar låg bonitet
Årleg nyttbar tilvekst:
Bonitet |
Areal x tilvekst |
|
Svært høg |
500 x 0,7 |
350 |
Høg |
200 x 0,4 |
80 |
Middels |
100 x 0,25 |
25 |
Låg |
200 x 0,08 |
16 |
Årleg nyttbar tilvekst |
|
471 |
Formuesverdi:
Tilvekst i m3 |
|
Avkastnings-verdi |
|
Tilvekst-verdi |
|
Skogfaktor |
|
Formuesverdi |
471 |
x |
130 |
= |
61 230 |
x |
5 |
= |
306 150 |
Dette må du gjere
I skattemeldinga skal du fylle ut
- kommune, gards- og bruksnummer. Dette er ofte førehandsutfylt.
- det produktive arealet til eigedommen. Dette skal fordelast på 4 bonitetsklassar. Bonitetsklassane er: Svært høg, høg, middels og låg.
- kor mykje av det produktive arealet som er ungskog.
Spesielt for deg som
Dersom 70–85 prosent av den drivberre skogen er ungskog (hogstklasse 1-3) skal formuesverdien reduserast med 15 prosent.
Er 85 prosent eller meir av den drivberre skogen ungskog (hogstklasse 1-3) skal formuesverdien reduserast med 25 prosent.
Har du driftskostnader som er vesentleg høgare enn den kostnaden som gjeld for kommunen din, kan du krevje å bruke ein høgare kostnad i berekninga av avkastningsverdien.
Årsaka til at du har høgare driftskostnader må anten vere vanskeleg terreng eller lang driftsveg.
Dersom skogen din har endra seg vesentleg i løpet av året, skal du berekne ein ny formuesverdi på skogen.
Døme på endringar:
- kjøp eller sal av areal
- vern, freding eller naturskade
- ny skogbruksplan
Dokumentasjon
Du treng ikkje å sende oss dokumentasjonen din på dette, men du må kunne leggje han fram dersom vi ber om det.