Skattefrie organisasjonar

Ein skattefri organisasjon kan ha økonomisk verksemd som han må skatte av.

Gjeld dette deg?

Dette gjeld deg som representerer til dømes korps, kor eller andre kulturorganisasjonar, idrettslag, hjelpeorganisasjonar, miljøorganisasjonar, interesseorganisasjonar, religiøse trussamfunn, vass-, veg- eller velforeiningar, sanitetsforeiningar, velferdsorganisasjonar eller studentorganisasjonar. Mange av desse er frivillige eller ideelle organisasjonar.

Det kan i enkelte tilfelle også gjelde deg som representerer aksjeselskap eller samvirkeføretak.

 

I utgangspunktet er alle organisasjonar skattepliktige. Det finst likevel unntak for stiftingar, lag og foreiningar, religiøse trussamfunn, og i nokre tilfelle aksjeselskap og samvirkelag.

Felles for skattefrie organisasjonar er at dei driv utan økonomisk motiv (utan erverv til føremål). Det vil seie at dei ikkje har som mål å skape overskott og/eller gi økonomiske fordelar til eigarane eller medlemmene sine.

Ein skattefri organisasjon kan likevel ha økonomisk verksemd som han må skatte av.

Har organisasjonen fleire føremål, er det hovudføremålet som er avgjerande for om organisasjonen er skattefri eller ikkje.

Skattefrie inntekter

For at inntekta skal vere skattefri, må ho vere direkte knytt til å realisere føremålet med organisasjonen utan noko økonomisk motiv. 

For skattefrie organisasjonar, er denne typen inntekter skattefrie:

  • medlemskontingentar
  • startkontingentar
  • treningsavgifter
  • billettinntekter ved sporadiske arrangement
  • offentlege tilskott
  • reine gåver og tilskott
  • inntekter av medlemsmøte (klubbkveldar, møte, tilstellingar og så vidare)
  • inntekter av enkeltståande, tilfeldige aktivitetar og arrangement (loppemarknader, kioskdrift i samband med arrangement og så vidare)
  • sal av supporterutstyr

Viss de berre har skattefrie inntekter, treng de ikkje å levere skattemelding.

Når må de betale skatt?

Ein skattefri organisasjon kan ha skattepliktige aktivitetar. Det er organisasjonen sjølv som har ansvaret for å finne ut han om må betale skatt av inntektene frå desse aktivitetane. 

Kva som er skattepliktig inntekt blir bestemt av – i denne rekkjefølgja:

 

Viss organisasjonen dykkar har aktivitetar som ikkje er direkte knytte til hovudføremålet, kan det hende at de må skatte av inntektene frå desse aktivitetane.

  • sal av varer og tenester som kan påverke den frie konkurransen i marknaden – som kurs, bøker, flyttetenester med meir
  • utleige av eigedom – som klubbhus, idrettshall, garasjeanlegg, parkeringsplassar, utleige av bygningar til til dømes sommarhotell med meir
  • sal av fast eigedom – som bygningar og tomter
  • kapitalforvaltning – som utbytte (gevinst) frå aksjar og fond, skogsdrift med meir

 

Dersom aktiviteten ikkje er direkte knytt til føremålet dykkar:

De må vurdere om aktiviteten har karakter av å vere eit enkeltståande arrangement, eller om han er ein stadig tilbakevendande aktivitet.

I utgangspunktet vil eitt eller nokre få enkeltståande arrangement, som bingo eller loppemarknad, ha eit så tilfeldig preg at det ikkje blir rekna som skattepliktig økonomisk verksemd.

Er aktiviteten stadig tilbakevendande, til dømes stadige flyttejobbar, vil det trekkje i retning av å vere skattepliktig økonomisk verksemd. Det same kan gjelde dersom de får oppdrag som følgje av aktiv marknadsføring.

Dersom aktiviteten ikkje er direkte knytt til føremålet dykkar, og han kan karakteriserast som ein stadig tilbakevendande aktivitet:

De må sjekke om de har ei brutto omsetning under eller over beløpsgrensa for skatteplikt.

  • arbeidsorganisasjonar, medrekna fagforeiningar
  • næringsorganisasjonar
  • politiske organisasjonar og partitilknytte organisasjonar
  • studentorganisasjonar
  • vitskaplege organisasjonar
  • yrkesorganisasjonar

Organisasjonar som ikkje blir rekna som allmennyttige eller velgjerande, må betale skatt dersom dei har ei samla brutto omsetning over 70 000 kroner i året frå desse aktivitetane.

Dersom de går over beløpet på 70 000 kroner, må de betale skatt av heile nettoinntekta.

De har frådragsrett for kostnader de har hatt i samband med den skattepliktige inntekta.

Døme på utrekning av skattepliktig beløp:

De har leigd ut folkehøgskulen som sommarhotell i juni, juli og august og har hatt ei samla brutto omsetning (utleigeinntekt) på 200 000 kroner, det vil seie over beløpsgrensa på 70 000 kroner.

I den same perioden har de hatt utgifter til lønn, straum og vasking i samband med utleiga, i alt med 150 000 kroner.

Samla brutto omsetning 200 000 kroner
- utgifter i samband med utleiga 150 000 kroner
= skattepliktig nettoinntekt 50 000 kroner

  • hobbyforeiningar
  • husflidsforeiningar som har til føremål å fremje god norsk husflid kulturelt, økonomisk og sosialt
  • humanitære og sosiale organisasjonar
  • idrettsorganisasjonar og idrettslag
  • internasjonalt orienterte organisasjonar, menneskerettsorganisasjonar og solidaritetsorganisasjonar
  • kvinneorganisasjonar og kvinnesaksforeiningar
  • kulturorganisasjonar, kulturvernorganisasjonar og natur-/frilufts-/miljøvernorganisasjonar
  • Norges Bygdeungdomslag, som har til føremål å samle all ungdom med interesse for bygdesamfunnet for å fremje og vareta bygdene og interessene til ungdommane
  • religiøse organisasjonar og livssynsorganisasjonar
  • spontane aksjonsgrupper, "ad hoc"-rørsler
  • velforeiningar, grendelag, nærmiljøorganisasjonar
  • andre foreiningar og lag (frimurarlosjar, Rotary, Lions og liknande)

Allmennyttige og velgjerande organisasjonar må betale skatt dersom dei har ei samla brutto omsetning over 140 000 kroner i året frå desse aktivitetane.

Dersom de går over beløpet på 140 000 kroner, må de betale skatt av heile nettoinntekta.

De har frådragsrett for kostnader de har hatt i samband med den skattepliktige inntekta.

Døme på utrekning av skattepliktig beløp:
De er eit korps som ein gong i veka utfører ein vaskejobb som gir ei samla brutto omsetning på 155 000 kroner i året, det vil seie over beløpsgrensa på 140 000 kroner. I den same perioden har de utgifter til vaskemiddel med i alt 20 000 kroner.

Samla brutto omsetning 155 000 kroner
- utgifter i samband med vaskejobben 20 000 kroner
= skattepliktig nettoinntekt 135 000 kroner

Ver merksam på at de kan ha ein skattepliktig aktivitet sjølv om aktiviteten blir driven med gratis arbeidskraft, til dømes i form av eit dugnadsoppdrag.

 

Dersom de har skattepliktige inntekter, må de betale formuesskatt av eigedelar eller eigedom som er knytte til den skattepliktige inntekta. Formue under 10 000 kroner er skattefri.

Skattefrie organisasjonar som er organiserte som aksjeselskap betaler ikkje formuesskatt. Det er aksjonærane som betaler skatt av formue i aksjeselskap.

Dette må de gjere

Frå og med inntektsåret 2023 må organisasjonar levere gjennom eit rekneskapssystem.

Dersom de ikkje er skattepliktige, treng de ikkje å levere skattemelding.

De skal levere mva-melding når de har selt mva-pliktige varer og tenester for meir enn beløpsgrensa i løpet av ein periode på 12 månader.

Beløpsgrensa for å levere mva-melding er

  • 140 000 kroner (utan meirverdiavgift) for velgjerande og allmennyttige organisasjonar
    • hobbyforeiningar
    • husflidsforeiningar som har til føremål å fremje god norsk husflid kulturelt, økonomisk og sosialt
    • humanitære og sosiale organisasjonar
    • idrettsorganisasjonar og idrettslag
    • internasjonalt orienterte organisasjonar, menneskerettsorganisasjonar og solidaritetsorganisasjonar
    • kvinneorganisasjonar og kvinnesaksforeiningar
    • kulturorganisasjonar, kulturvernorganisasjonar og natur-/frilufts-/miljøvernorganisasjonar
    • Norges Bygdeungdomslag, som har til føremål å samle all ungdom med interesse for bygdesamfunnet for å fremje og vareta bygdene og interessene til ungdommane
    • religiøse organisasjonar og livssynsorganisasjonar
    • spontane aksjonsgrupper, "ad hoc"-rørsler
    • velforeiningar, grendelag, nærmiljøorganisasjonar
    • andre foreiningar og lag (frimurarlosjar, Rotary, Lions og liknande)

  • 50 000 kroner (utan meirverdiavgift) for verksemder og dei fleste organisasjonar

Ein skattefri organisasjon har dei same pliktene som andre arbeidsgivarar.

Utbetalingar av styrehonorar og utgiftsgodtgjersler til styremedlemmer, andre tillitsvalde og aktive medlemmer, skal i utgangspunktet behandlast etter dei same reglane som utbetalingar av lønn og godtgjersler. Som lønn reknar ein også overtidsbetaling, feriepengar, lønn under sjukdom og så vidare. Alle som har tilsette, eller utbetaler lønn, pensjon eller andre ytingar, skal levere a-melding.

  • hobbyforeiningar
  • husflidsforeiningar som har til føremål å fremje god norsk husflid kulturelt, økonomisk og sosialt
  • humanitære og sosiale organisasjonar
  • idrettsorganisasjonar og idrettslag
  • internasjonalt orienterte organisasjonar, menneskerettsorganisasjonar og solidaritetsorganisasjonar
  • kvinneorganisasjonar og kvinnesaksforeiningar
  • kulturorganisasjonar, kulturvernorganisasjonar og natur-/frilufts-/miljøvernorganisasjonar
  • Norges Bygdeungdomslag, som har til føremål å samle all ungdom med interesse for bygdesamfunnet for å fremje og vareta bygdene og interessene til ungdommane
  • religiøse organisasjonar og livssynsorganisasjonar
  • spontane aksjonsgrupper, "ad hoc"-rørsler
  • velforeiningar, grendelag, nærmiljøorganisasjonar
  • andre foreiningar og lag (frimurarlosjar, Rotary, Lions og liknande)

For utbetalingar som ikkje overstig 10 000 kroner per person i løpet av året, treng de ikkje å levere a-melding.

Velgjerande og allmennyttige organisasjonar skal levere forenkla a-melding når

  • lønnsutgiftene per tilsett ikkje overstig 80 000 kroner i løpet av året
  • dei samla lønnsutgiftene for alle personane ikkje overstig 800 000 kroner i løpet av året

Viss utbetalingane overstig desse beløpa, skal de bruke

Lønn eller anna yting under 10 000 kroner i løpet av eit inntektsår, er skattefri for mottakaren. 

Meir om småjobbar og tenester.

Frivillige organisasjonar, trus- og livssynssamfunn kan søkje om bli godkjende mottakarar av gåver.

Viss organisasjonen blir godkjend av Skatteetaten, kan dei som gir gåver få skattefrådrag for gåvene.

Etter at de er blitt godkjende, må de rapportere gåvene elektronisk til Skatteetaten.

Spesielt for

For idrettslag har det vore akseptert at grensebeløpa for skatteplikt og arbeidsgivaravgift gjeld for enkeltgrupper som til dømes skigruppe og fotballgruppe. Kvar gruppe må ha eit eige styre og føre ein eigen rekneskap. Dette gjeld ikkje for vidare oppdeling i undergrupper etter til dømes alder eller kjønn.

Idrettslag har eigne reglar om rekneskapsplikt.

Les meir om rekneskap hos Norges idrettsforbund.

Kiosk- eller kafédrift blir ikkje rekna som skattepliktig økonomisk verksemd dersom kiosken eller kaféen

  • berre er open under organisasjonsarrangement eller trening, og
  • har sal som rettar seg mot tilskodarar og deltakarar, og
  • har eit avgrensa utval av typiske kiosk- eller kafévarer, og
  • blir betent av ulønt personale

Dersom ein skattefri organisasjon sel varer frå ein kiosk eller ein kafé med fast, regelmessig opningstid, må han skatte av inntektene. Dette gjeld uavhengig av om kiosken eller kaféen er plassert på eller i samband med til dømes eit idrettsanlegg.

Samvirkeføretak utan økonomiske føremål har eigne krav til skildring i vedtektene om korleis dei kan disponere årleg overskott (etterbetaling) og oppløysing. Dette vil vere ein del av vurderinga av om organisasjonen blir rekna som skattefri eller skattepliktig.

Les meir hos Samvirkene.

Når vi vurderer om eit aksjeselskap kan reknast som ein skattefri organisasjon, legg vi vekt på at selskapet har føresegner om

  • føremålet med verksemda
  • avgrensingar for utbetaling av utbytte og eventuelt konsernbidrag
  • skildring av korleis formuen skal fordelast ved oppløysing 

Viss selskapet har dotterselskap, skal også aktivitetane til dotterselskapa takast med i vurderinga.

Selskap som driv arbeidstrening

Når vi vurderer om eit aksjeselskap som driv med arbeidstrening (AFT) eller varig tilrettelagt arbeid (VTA) skal kunne reknast som ein skattefri organisasjon, legg vi vekt på om selskapet har fått godkjenning for verksemda hos Nav.

Meir for tiltaksarrangørar av varig tilrettelagt arbeid hos Nav.

Private skular

Når vi vurderer om eit aksjeselskap som driv privatskule skal kunne reknast som ein skattefri organisasjon, legg vi vekt på om selskapet får noko lovregulert offentleg tilskott.

Meir om privatskular hos Utdanningsdirektoratet.

Viss de produserer til dømes drikkevarer, både med og utan alkohol, må de sjekke om de skal registrere dykk som særavgiftspliktige og betale særavgifter. 

Sjekk om og korleis de skal registrere verksemda som særavgiftspliktig.

Dokumentasjon om de kontaktar oss

Viss de treng rettleiing med omsyn til om organisasjonen dykkar er skattefri eller har skattepliktige aktivitetar, kan de kontakte oss.

Dersom de sender oss eit skriftleg spørsmål, treng vi relevant dokumentasjon som

  • vedtektene til organisasjonen
  • ei skildring av den faktiske aktiviteten
  • årsrekneskapen for det siste året
  • planar og budsjett for det kommande året

Rettskjelder – skattefrie organisasjonar