Viktig informasjon

Vil du hjelpe oss med å bli bedre? Vi jobber med å gjøre det lettere å finne fram. Er du næringsdrivende og har 5-10 minutter til en kort test?

Særskild registrering for overnattings- og serveringsstader

Overnattings- eller serveringsstader med skjenkjeløyve for øl, vin eller brennevin skal mellom anna registrere salstal og inngangspengar.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som har ein overnattings- eller serveringsstad og som serverer øl, vin eller brennevin.   

Det kan til dømes vere eit hotell, ein bar eller ein restaurant.

Dette må du gjere

Opplysningar om fleire varetypar 

Serveringsstader som sel alkohol skal spesifisere kjøp, sal, uttak og varelager for fleire varegrupper i skattemeldinga. Varetyper som mat, drikke og tobakk skal registrerast. Opplysningane kan hentast frå rekneskapen. 

Du skal registrere varelager, varekostnad, salsinntekt og uttak per varetype. Du skal oppgi beløpa utan meirverdiavgift. 

Varetypar som skal registrerast: 

  • mat
  • øl
  • vin
  • brennevin
  • rusbrus og sider 
  • kaffi og te 
  • mineralvatn 
  • anna drikke
  • tobakk (sigarettar og snus)
  • andre varer 

Du skal registrere verdien av varelageret per 01.01. og per 31.12. Du skal også registrere kjøpskostnaden (inntakskosten) for dei selde varene.

I drinkar med både brennevin og mineralvatn skal salsinntekta førast for varetypen med høgast verdi, som regel brennevinet.  

Viss kunden får med mineralvassflaska, skal salsinntekta for mineralvatnet førast som mineralvatn. 

Kassasystem 

Du skal opplyse om kassasystemet – modellen og versjonen.  

Har bedrifta fleire typar kassasystem, skal du opplyse om dei ulike systema, og kva år du kjøpte dei.

Garderobeinntekter og inngangspengar

Du skal opplyse om garderobeinntekter.

Du skal også opplyse om inngangspengar. Desse kan vere avgiftspliktige eller avgiftsfrie. 

Døme:

  • Avgiftspliktige arrangement: tilgang til lokale med servering, dans, og diskotek 
  • Avgiftsfrie arrangement: kulturarrangement, inkludert pianobar

Ved store arrangement med kombinerte aktivitetar må avgifta fordelast.  

Mat og drikke (kost) til personalet, dagleg leiar, styremedlemmer og aksjonærar 

Du skal opplyse om personalet har fri kost og kor mange det gjeld for.  

Du skal opplyse om den samla uttaksverdien for kosten i kroner, og om du bruker satsane for fri kost frå takseringsreglane til Skattedirektoratet 

Privat uttak av varer 

Privat uttak av varer vil seie varer som ein eigar i eit enkeltpersonføretak (ENK) eller i eit selskap med deltakarfastsetjing (KS, ANS med meir) har tatt ut. 

Du skal opplyse om varene er verdsette til omsetningsverdi, og kor stort påslag i prosent som blir brukt ved uttak av varer.  

Du skal opplyse om det private uttaket blir ført på privatkonto, og om kvart av dei blir registrerte i ei bok eller i eit anna system.  

Representasjon 

Representasjon er arrangement der det blir servert gratis mat og drikke til gjester som til dømes forretningssamband, presse eller andre samarbeidspartnarar.  

Representasjon kan både gi rett til frådrag og ikkje.

Du skal opplyse om det er tatt ut mat og drikke (kost), varer til representasjon og om uttaksverdien blir verdsett til vanleg omsetningsverdi. Du skal også opplyse om kor stort påslag i prosent som blir brukt ved uttak av mat og drikke (kost), varer til representasjon og samla uttak.  

Les meir om frådrag for representasjon. 

Datoar og fristar

Registreringa av mat og drikke er ein del av skattemeldinga. Du må levere skattemeldinga med næringsspesifikasjonen seinast 31. mai.

Skatteetaten bruker opplysningane om overnattings- og serveringsstader til statistikk-, analyse- og kontrollføremål.

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon eller leggje ved noko i skattemeldinga, men du må ta vare på rekneskapen med bilag og annan dokumentasjon. Du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.