Aktivitet på sosiale medium og internett
Aktivitet på sosiale medium, til dømes om du er influensar, kan vere både hobby- og næringsverksemd.
Inntekter frå ei hobbyverksemd er ikkje skattepliktige, men du skal skatte av inntektene viss du driv næringsverksemd.
Kva som gjeld for deg, kjem an på aktiviteten du driv.
Sosiale medium som hobby
Aktivitet på sosiale medium blir rekna som hobby når aktiviteten er av ikkje-økonomisk karakter, altså at aktiviteten ikkje gir overskott eller økonomiske fordelar.
Inntekter av hobbyverksemd er ikkje skattepliktig, og du får heller ikkje frådrag for kostnader til slik aktivitet.
Sosiale medium som næringsverksemd
Aktivitet på sosiale medier kan bli ansett som næringsvirksomhet. Da må du betale skatt av inntektene dine, og du kan ha rett på fradrag for kostnader.
Er eg næringsdrivande?
Det finst ingen konkret definisjon på når ein aktivitet blir rekna som næringsverksemd, men det er fire vilkår som må vere oppfylte:
- Aktiviteten er eigna til å gå med overskott
- Aktiviteten tar sikte på å vare ei viss tid
- Aktiviteten har eit visst omfang
- Aktiviteten blir driven for eiga rekning og risiko
Dersom du, etter å ha gjort denne vurderinga, kjem fram til at du må reknast som næringsdrivande, har du mellom anna plikt til å føre rekneskap og levere skattemelding for næringsdrivande.
Dette må du betale skatt av
Du må betale skatt av
- pengar og sponsa produkt med økonomisk verdi som du får på grunn av aktiviteten din på dine sosiale medium. Dette kan komme frå nettbutikk, produktomtale, affiliate, oppdrag og liknande, som har å gjere med verksemda di på sosiale medium. Dette inkluderer annonser, reklame og liknande.
- gratis eller rabatterte produkt/gåver med økonomisk verdi, som til dømes sminke, hår- og hudpleieprodukt, bøker, klede, reiser, spel, teknologisk utstyr, barneutstyr med meir. Dette skal du inntektsføre til omsetningsverdien (eventuelt omsetningsverdien fråtrekt det beløpet du har betalt for vara). Sel du desse varene etterpå, er sala skattepliktige.
Du kan ha rett på frådrag
Skatt
Du kan få frådrag for kostnader som er knytte til verksemda. Dette kan til dømes vere kostnader til PC, telefon, internett, fotoutstyr med meir.
Meirverdiavgift
Du kan berre krevje frådrag for inngåande meirverdiavgift viss du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret. Når du er registrert der, kan du krevje frådrag for meirverdiavgift på kostnader knytte til aktiviteten din på sosiale medium.
Gåver du kastar
Nokre influensarar får ein del gåver de ikkje har bedt om og som dei ikkje vil ha, og dermed kastar. For å sleppe å betale skatt av dette må du skrive ned kva du har fått og kva du har kasta. Dette kallar vi eit internt vedlegg. Skriv på datoen og signer.
Spesielle forhold
Kvar nettsida di eller liknande er fysisk plassert har ikkje noko å seie for skatte- og avgiftsreglane. Skatte- og avgiftsplikta blir avgjort av kva land bloggen eller nettsida blir driven frå.
Om nettsida er lokalisert i utlandet, men blir driven frå Noreg, skal ein følgje norske skatte- og avgiftsreglar.
På lik linje med andre inntekter, vil affiliate-inntekterordforklaring vere med i vurderinga av om du driv hobby eller næring. Som næringsdrivande vil du vere skattepliktig for affiliate-inntektene.
Er du usikker?
Du skal sjølv ta stilling til om aktiviteten din på sosiale medium og liknande er næringsverksemd.
Om du er i tvil om kva aktiviteten din skal reknast som, kan du kontakte Skatteetaten for ein rettleiande uttale om dette.
Du må då skildre aktiviteten din på dine sosiale medium, og dei inntektene og kostnadene denne aktiviteten gir deg.