Skattemelding for enkeltpersonføretak

Skattemeldinga for enkeltpersonføretak er akkurat den same som skattemeldinga for deg som privatperson, men du må i tillegg leggje inn næringsopplysningar.

Fristen er 31. mai kvart år.

Du må levere skattemeldinga sjølv om du ikkje har hatt omsetning. Dette gjeld også om du nyleg har starta eller avslutta næringsverksemda.

Slik leverer du skattemeldinga

Når du som er personleg næringsdrivande skal fylle ut og levere skattemeldinga di, er det fleire måtar å gjere det på. Du får hjelp og rettleiing undervegs same korleis du vel å levere skattemeldinga di.

Levere frå eit rekneskapssystem

Viss du bruker eit rekneskapssystem, og dette systemet støttar innsending av skattemeldinga, kan du starte i rekneskapssystemet ditt. Høyr med leverandøren av rekneskapssystemet ditt om du lurer på noko om dette.

Enkeltpersonføretak med revisjonsplikt må levere næringsspesifikasjonen gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem.

Når du bruker eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem frå ein systemleverandør, inneber det at du har inngått ein oppdragsavtale og databehandlaravtale med systemleverandøren.

Det betyr at du har gitt fullmakt til at opplysningar som Skatteetaten har om deg blir delte med systemet, slik at desse blir førehandsutfylte i skattemeldinga.

Skatteetaten sjekkar automatisk at den som bruker systemet, er tildelt ei rolle som gir vedkommande tilgang til opplysningane dine.

Levere frå skatteetaten.no

Mange enkeltpersonføretak kan sjå, endre og levere skattemeldinga si med næringsspesifikasjon her på skatteetaten.no.


Sjå fleire detaljar om innsendingsprosessen

Dette må du gjere

Dette må du gjere når du har opna skattemeldinga:

Vi varslar deg når skattemeldinga di er klar.

Det er fleire ting som er greitt å førebu før du startar:

  • Avslutt bokføringa for fjoråret, og ha grunnlaget tilgjengeleg.
  • Førebu tilleggsinformasjon. Dersom enkeltpersonføretaket til dømes eig ein bil, må du registrere ein del ekstra informasjon. Då må du ha køyreboka klar.
  • Finn fram skattemeldinga og næringsopplysningane for i fjor viss det er aktuelt.

Det første som møter deg når du opnar skattemeldinga di, er ein beskjed om at du må fylle ut næringsopplysningar. Vi hjelper deg i gang med dette med å stille deg nokre spørsmål.

Døme på korleis ein næringsspesifikasjon dukkar opp i skattemeldinga

I næringsspesifikasjonen skal du oppgi alle inntekter, kostnader og eigedelar som gjeld enkeltpersonføretaket ditt. Gjeld skal du berre opplyse om viss gjelda er registrert på organisasjonsnummeret. Viss gjelda er knytt til deg som privatperson, skal ho stå i skattemeldinga.

Sjå korleis du fyller ut og leverer skattemeldinga med næringsspesifikasjon:

I skattemeldinga skal du føre alt som gjeld deg personleg.

I næringsspesifikasjonen skal du ta med alt som gjeld næringsverksemda di.

Døme:

Skattemeldinga: lønna di, huset ditt, bilen din
Næringsspesifikasjonen: bedriftskonto, yrkesbil, driftsmiddel med kostpris over 15 000 kroner

Det er viktig at du sjekkar at ingenting er registrert begge stader. Viss noko står begge stader, må du fjerne den eine oppføringa.

 

Viss du ikkje får opp næringsspesifikasjonen når du opnar skattemeldinga, kan det bety at me ikkje har opplysningar om at du er næringsdrivande.

Du må då leggje næringsspesifikasjon til skattemeldinga di.

Slik gjer du det:

  1. Skriv næring i søkjefeltet øvst til høgre inne i skattemeldinga di
  2. Vel Inntekter, kostnader, eigedelar og gjeld i næring
  3. Vel Gå til næringsspesifikasjon

Du får no høve til å fylle ut næringsspesifikasjonen.

smen-legg-til-naringsspesifikasjon-ga-til.png

Sjå filmen som viser korleis du legg til næringsspesifikasjonen

Skattemeldinga di er førehandsutfylt, men det betyr ikkje at ho er ferdigutfylt.

Det betyr at du må

  • sjekke at opplysningane dine stemmer, til dømes inntekter, gjeld og formue
  • endre viss noko manglar eller er feil

Har du krav på frådrag, kan det gjere at grunnlaget vi reknar ut skatten på blir mindre. Dermed kan du betale mindre i skatt. Nokre frådrag er førehandsutfylte, medan andre må du føre opp sjølv.

Hjelp til å få rett skatt:

Som personleg næringsdrivande kan det også vere lurt å sjekke frådrag for privatpersonar for å sikre at du får alle frådraga du kan ha rett til, til dømes foreldrefrådrag, reisefrådrag og liknande.

Når du har sjekka at både skattemeldinga og næringsspesifikasjonen stemmer, kan du sende inn.

Fristen er 31. mai.

Du kan endre og levere så mange gonger du vil. Viss du får nye opplysningar eller oppdagar feil, kan du også endre etter at fristen er gått ut.

Når vi har behandla skattemeldinga di, vil du få skatteoppgjeret ditt. Vi melder frå til deg når dette er klart.

Hjelp til å få rett skatt

Har du krav på frådrag, kan det gjere at grunnlaget me reknar ut skatten av blir mindre. Dermed kan du betale mindre i skatt. Nokre frådrag er førehandsutfylte, medan andre må du føre opp sjølv.

Nokre vanlege frådrag du kan ha krav på:

Sjå fleire frådrag du kan ha krav på som næringsdrivande

 

Sjølv om du ikkje hadde næringsaktivitet i fjor, må du levere skattemeldinga med næringsspesifikasjon.

Når du opnar næringsspesifikasjonen din, stiller vi deg nokre spørsmål. Det eine spørsmålet er om du har hatt næringsaktivitet. Der svarer du nei, og du vil få ei skattemelding med null i næringsinntekt.

Du må deretter sjekke dei personlege skatteopplysningane dine før du sender inn skattemeldinga.

Sjå filmen som forklarer korleis du leverer skattemeldinga med næringsspesifikasjon når du ikkje har hatt aktivitet

Når du opnar næringsspesifikasjonen første gongen, stiller me deg nokre spørsmål. Eit av desse er om du har driftsinntekter over 50 000 kroner. Om du svarer nei på dette, får du ein enkel næringsspesifikasjon som er tilpassa deg.

Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan dele inntekta frå ei felles verksemd mellom seg. De må båe ha jobba i verksemda i inntektsåret.

Slik deler de inntekta

Frist og utsetjing

Fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande er 4. juni. Du kan søkje om utsetjing, men du må gjere det før fristen går ut. 

For å få eventuelle skattepengar utbetalte til rett tid, må du sørgje for at kontonummeret vi har registrert, er rett.

Blir det vanskeleg å rekke fristen, kan du søkje om utsetjing.

Viss du ikkje leverer innan fristen, kan du få tilleggsskatt eller tvangsmulkt.

Rekneskapsførarar og revisorar kan også søkje om utsetjing på vegner av klientane sine.

Viktig informasjon

Nokre grupper næringsdrivande har fått automatisk utsett frist i år. Dette gjeld berre for skattemeldinga for inntektsåret 2023, som du leverer i 2024.

Les meir og sjå kva grupper det gjeld

Utanlandske selskap kan søkje om fritak frå levering av skattemeldinga. Fritak kan bli innvilga dersom verksemda di, som er utført i Noreg i inntektsåret, er unntatt frå skattlegging i Noreg etter ein skatteavtale.

Du søkjer fritak ved å logge deg inn og fylle ut kontaktskjemaet. Vel temaet «Skattemelding».

For å unngå tvangsmulkt for manglande levering, bør du sende søknaden i god tid før fristen for leveringa av skattemeldinga.

Du kan registrere eller endre kontonummeret viss du ønskjer at pengar som skal utbetalast til deg skal gå til ein annan konto enn den som er registrert på deg. 

Registrere eller endre kontonummer

Slik fungerer den nye skattemeldinga

Tidlegare leverte alle næringsdrivande skattemeldinga via Altinn, og la ved ei næringsoppgåve og vedleggsskjema. Vi har no slått saman skattemeldinga, næringsoppgåvene og vedleggsskjemaa, slik at du fyller ut alt i næringsspesifikasjonen i skattemeldinga di. 

For deg som driv enkeltpersonføretak held det derfor å levera éi skattemelding, der du oppgir både dei personlege skatteforholda dine og opplysningar om næringsverksemda di. Det gjer utfyllinga og innsendinga av skattemeldinga enklare, raskare og rettare.

Sjå videon som forklarer korleis du opnar og fyller ut skattemeldinga med næringsspesifikasjon:

Hjelp og støtte til systemleverandørar og samarbeidspartnarar

Ønskjer du tilgang til teknisk dokumentasjon for skattemeldinga, informasjon om korleis du kan teste systemet ditt eller andre nyttige tips, finn du dette på skattemeldinga si side på GitHub:

Du finn også informasjon om den nye skattemeldinga på Altinn digitalisering.