Skattemelding for selskap

Skattemeldinga for aksjeselskap og andre selskapstypar skal leverast gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem. 

Fristen er 31. mai kvart år.

Skattemeldinga må leverast sjølv om selskapet ikkje har hatt omsetning. Dette gjeld også om selskapet nyleg har starta eller avslutta næringsverksemda.

Slik leverer du skattemeldinga

Berre via eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem

Frå og med 2024 (inntektsåret 2023) skal skattemeldinga/selskapsmeldinga og næringsspesifikasjonen for selskap fyllast ut og sendast inn gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem.

Dette gjeld også om du ikkje har hatt aktiv drift eller omsetning i løpet av 2023.

Det er ikkje lenger mogleg å bruke dei gamle skjemaa i Altinn.

Sjå fleire detaljar om innsendingsprosessen

Desse rollene blir støtta i den nye løysinga:

Skatteforhold for privatpersonar (A0282) (ikkje for aksjeselskap)
Avgrensa signeringsrett (SISKD)
Rekneskapsførar med signeringsrett (A0239)
Rekneskapsførarar utan signeringsrett (A0240)
Ansvarleg revisor (A0237)
Revisormedarbeidar (A0238)
Revisorattesterar (A0298)
Kontaktperson NUF (KNUF)

Desse rollene blir ikkje støtta i den nye løysinga:

Revisorrett (REVAI)
Rekneskapsmedarbeidar (REGNA)
Utfyllar/innsendar (UTINN)

I den gamle løysinga var det mogleg å delegere roller til enkeltskjema. Sidan alt no er samla i ei skattemelding/selskapsmelding og ein næringsspesifikasjon, kan du ikkje delegere roller til enkelte delar av desse. Dersom du har ei slik enkeltrolle knytt til eit RF-skjema, og du skal jobbe med den nye skattemeldinga, må du få tildelt ei av rollene som blir støtta i den nye skattemeldinga. 

Rolla du har, avgjer om du har rettar til å skrive/lese/signere. Innsendinga av skattemeldinga/selskapsmeldinga vil framleis gå gjennom Altinn.

  • Viss du har ei av desse rollene i dag, treng du ikkje å gjere noko. Du kan sende inn skattemelding og næringsspesifikasjon. 
  • Viss du ikkje har ei av desse rollene i dag, og du skal sende inn skattemelding og næringsspesifikasjon for ein skattepliktig, må du sørgje for å få tildelt ei av rollene slik at du får dei rettane du treng. 

Du finn informasjon om roller og rettar hos Altinn. Det er også Altinn du må kontakte om du lurer på noko om tildeling og delegering av roller og rettar. 

No kjem det ei ny løysing for revisorsignatur i den nye skattemeldinga. Då kan revisor stadfeste skattemeldinga og næringsspesifikasjonen.

Valideringstenesta til Skatteetaten sjekkar opplysningane i skattemeldinga og næringsspesifikasjonen før dei blir sende inn. Det gjer at du får ei tilbakemelding på om det er noko du burde sjå nærare på og eventuelt endre.

Les meir om validering i skattemeldinga

 

Bli kjend med den nye skattemeldinga

Tidlegare leverte selskap ei skattemelding, ei næringsoppgåve og fleire vedleggsskjema. No er alt samla i skattemeldinga og næringsspesifikasjonen.

Her finn du ei oversikt over innhaldet og strukturen i den nye skattemeldinga og næringsspesifikasjonen. I oversikta finn du tema og felt som viser kva Skatteetaten kan trenge av opplysningar frå deg.

 

Alle vedleggsskjema og næringsoppgåver er erstatta av ein næringsspesifikasjon og ei skattemelding. Næringsspesifikasjonen og skattemeldinga er temabaserte. Det er ei omlegging ein kjenner frå skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar. Data som naturleg høyrer saman, er samla. Rekneskapsoppstillinga er utgangspunktet for dette.

Postar, felt og tema

Vi har laga oversikter som viser kvar postane i dei tidlegare RF-skjemaa passar inn i den nye skattemeldinga/selskapsmeldinga og næringsspesifikasjonen.  

Oversiktene er laga spesielt for tenesteleverandørar, rekneskapsførarar, revisorar og andre profesjonelle aktørar. 

Opptak av informasjonsmøte om ny skattemelding:
23. januar 2024 heldt Skatteetaten eit digitalt informasjonsmøte om den nye skattemeldinga for selskap.
Sjå opptak:
Informasjonsmøte del 1
Informasjonsmøte del 2

Frist og utsetjing

Fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande er 31. mai kvart år. Du kan søkje om utsetjing, men du må gjere det før fristen går ut.

Blir det vanskeleg å rekke fristen, kan du søkje om utsetjing.

Viss du ikkje leverer innan fristen, kan du få tilleggsskatt eller tvangsmulkt.

Rekneskapsførarar og revisorar kan også søkje om utsetjing på vegner av klientane sine.

Viktig informasjon

Nokre grupper næringsdrivande har fått automatisk utsett frist i år. Dette gjeld berre for skattemeldinga for inntektsåret 2023, som du leverer i 2024.

Les meir og sjå kva grupper det gjeld

Utanlandske selskap kan søkje om fritak frå levering av skattemeldinga. Fritak kan bli innvilga dersom verksemda di, som er utført i Noreg i inntektsåret, er unntatt frå skattlegging i Noreg etter ein skatteavtale.

Du søkjer fritak ved å logge deg inn og fylle ut kontaktskjemaet. Vel temaet «Skattemelding».

For å unngå tvangsmulkt for manglande levering, bør du sende søknaden i god tid før fristen for leveringa av skattemeldinga.

Spesielt for nokre selskapstypar

Selskap med deltakarfastsetjing (SDF) er ei selskapsform med to eller fleire eigarar, som blir kalla deltakarar. Deltakarane deler ansvar og risiko.

Meir info om selskap med deltakarfastsetjing (SDF).

Norske skattytere som er eiere i et NOKUS, skal beskattes for en andel av selskapets skattemessige overskudd.

NOKUS er selskaper som er hjemmehørende i et lavskatteland, og der minst 50 prosent av selskapet er eid eller kontrollert av norske skattytere.

Mer info om NOKUS-selskap.

Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) skal levere skattemeldinga i eit rekneskapssystem eller eit årsoppgjersprogram på same måten som aksjeselskap (AS). 

Nokon utanlandske NUF, som er omfatta av EØS-regelverket, kan få tilgang til eit årsoppgjersprogram kostnadsfritt.

For å komme inn under dette regelverket må selskapet 

  • vere heimehøyrande i ein EØS-stat 
  • ha under 5 millionar i omsetning i Noreg 
  • ha mellombels verksemd i Noreg 

Dersom selskapet dykkar oppfyller desse vilkåra, kan de ta kontakt med oss for å få tilgang til eit årsoppgjersprogram. Ta kontakt med oss via kontaktskjema og vel kategorien "Norskregistrert utanlandsk føretak". I kontaktskjemaet må de oppgi namnet og e-postadressa til ein representant for selskapet med signaturrett. Då vil de få tildelt ein brukarprofil hos årsoppgjersprogrammet.

Dersom de allereie har betalt for eit rekneskapssystem eller årsoppgjersprogram i Noreg, får de ikkje refundert kostnaden. 

Styret for selskapet skal då sende inn skattemelding over den inntekta og formuen som ein krev førehandsfastsett. Det er inntekta fram til den endelege oppløysingsdagen ein skal krevje førehandsfastsett.

Hjelp og støtte til systemleverandørar og samarbeidspartnarar

Ønskjer du tilgang til teknisk dokumentasjon for skattemeldinga, informasjon om korleis du kan teste systemet ditt eller andre nyttige tips, finn du dette på skattemeldinga si side på GitHub:

Du finn også informasjon om den nye skattemeldinga på Altinn digitalisering.