Opprette skattetrekkskonto – utanlandsk aksjeselskap og enkeltpersonføretak
Føretak med tilsette som driv verksemd i Noreg, må som hovudregel ha ein skattetrekkskonto. Alle arbeidsgivarar skal ha skattetrekkskonto i ein norsk bank eller ved ei norsk avdeling hos ein utanlandsk bank. Dersom føretaket ditt ikkje har skattetrekkskonto, må det ha ein bankgaranti som dekkjer skattetrekket.
Skattekortet viser kva beløp du som arbeidsgivar skal trekkje i lønna til den tilsette. Utanlandske arbeidstakarar med mellombels opphald i Noreg skal ha skattekort for utanlandske arbeidstakarar.
Arbeidsgivaransvar
Som arbeidsgivar skal du utføre forskotstrekk etter gjeldande tabell eller satsar ved kvar lønnsutbetaling, uavhengig av skatteplikt. Forskotstrekket skal setjast inn på skattetrekkskontoen den første kvardagen etter lønnsutbetalinga. Dersom saldoen på skattetrekkskontoen er så høg at han til ei kvar tid dekkjer det løpande trekkansvaret, er det ikkje nødvendig med løpande overføringar til kontoen.
Som arbeidsgivar er du ansvarleg for at forskotstrekket blir trekt og innbetalt, og føretaket kan gjerast økonomisk ansvarleg ved manglande trekk. Plikter og ansvar etter skattebetalingslova kan også bli gjort gjeldande overfor oppdragsgivar i Noreg. Ved arbeidsutleige vil både oppdragsgivar og oppdragstakar ha arbeidsgivarplikter etter skattebetalingslova. Solidaransvaret gjer at skattestyresmaktene kan vende seg til både oppdragsgivar og oppdragstakar ved innkrevjing.
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Dette må gå fram av garantien:
- Kven som er garantist (bank) og garantidebitor (føretak med organisasjonsnummer).
- Kven garantien er til fordel for.
- Beløp (storleiken på garantien).
- Lovtilvising til skattebetalingslova § 5-12 (3), jf. § 16-20.
- At garantien held fram med å gjelda etter oppseiing eller utløp, til skattetrekket for alle lønnsutbetalingar som er gjorde i garantitida, er betalt.