Kontakt oss
Lurar du på noko, er du velkommen til å ta kontakt med oss.
No lurer mange på dette
Skattemeldinga blir send ut fram til og med 4. april. Vi sender deg ein e-post eller sms når du kan sjekke di.
Etter at skattemeldinga di er levert, må vi behandle ho og lage eit skatteoppgjer. Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten.
Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men du får beskjed.
Restskatt
Viss du har fått restskatt, får du ein faktura med betalingsinformasjon i god tid før fristen forfell. Du treng ikkje å vente til fakturaen kjem før du betaler.
Viss du kan, bør du betale før 31. mai, så slepp du renter. Du kan betale inn det du kan med ein gong, og betale litt og litt fram til fristen. På den måten kan du lage din eigen nedbetalingspla
Har du fått restskatt, er det vanlegvis fordi det har blitt trekt for lite skatt i løpet av året. For å unngå restskatt til neste år bør du sjekke tala i skattekortet for 2025.
Pengar til gode
Dersom du pengar til gode, blir dei utbetalte etter at skatteoppgjeret ditt er klart. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.
For at du skal få utbetalt pengar frå Skatteetaten, må vi ha eit kontonummer. Sjekk at du har registrert eit kontonummer og at dette stemmer.
Du kan sjekke kva frådrag du har rett til med å bruke rettleiinga i frådragsrettleiaren vår.
Dersom du har lån saman med andre, blir lån og renter på lån fordelte likt mellom dykk.
Viss du har selt, arva eller leiger ut bustad, må du sjekke om du skal leggje dette til i skattemeldinga di. Sjekk rettleiinga for å finne ut kva som gjeld for deg:
Formuesverdien på bustaden din blir berekna basert på område, areal, byggjeår og type bustad. Sjekk at opplysningane om bustaden stemmer. Dersom du meiner at formuesverdien er for høg, kan du setje han ned, men då må du leggje ved takst, verdivurdering eller liknande.
Om formuesverdien manglar i skattemeldinga, må du sjølv leggje til opplysningar om areal og byggjeår.
Chat
Du kan skrive til chat-roboten vår.
Ring oss
Hovudnummeret vårt er 800 80 000.
Det er gratis å ringe dette nummeret.
Når du ringer oss på 800 80 000, gir me deg nokre tasteval. Du treng ikkje vente til alle talemeldingane er lese opp før du trykker deg vidare.
1 Skattemelding, skatteoppgjer og andre skattespørsmål
1-1 Privatperson
1-2 Personlig næringsdrivande
1-3 Aksjeselskap og andre verksemder
1-4 Revisor, rekneskapsførar eller advokat
2 Skattekort og forskotsskatt
3 Flytting, ekteskap, namn og andre folkeregisterspørsmål
4 A-ordninga
5 Meirverdiavgift
6 Køyretøy, omregistreringsavgift, vektårsavgift, vrakpant, tollkreditt og andre særavgifter
Opningstida vår er 09:00–15:00 alle kvardagar.
Frå utlandet ringer du +47 22 07 70 00.
Når du ringer oss frå utlandet, gjeld egne prisar.
For bidragskrav og andre krav fra Nav, Helfo og Garantikassen for fiskere, ringer du 21 05 11 00.
Skriv til oss
Viss du må kontakte oss skriftleg, må du logge deg inn. Du kan ikkje sende e-post til oss.
Viss du skal sende oss brev i posten, bruker du adressa:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Skal du sende oss noko, må du logge deg inn og sende ei melding i Altinn:
Postadresse
Hvis du skal sende oss noe på papir, send det til:
Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav
9917 Kirkenes
Besøk oss
Du må bestille time. Du kan berre bestille time for tenester som krev personleg frammøte.
Hvis du skal møte opp hos oss, kan du se oversikten over skattekontor for å finne ditt nærmeste:
Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav (tidligere NAV innkreving)
Registerinfo (Serviceenhet for byggenæringen)
Sekretariatet for Skatteklagenemnda
Servicesenter for utenlandske arbeidstakere (SUA)
Skatteinnkreving kildeskatt pensjon
Saksbehandlingstider
Vi behandler førespurnaden eller søknaden din så raskt som mogleg.
Sjå forventa svartid.
Bestill attest
Det kan vere mange grunnar til at du treng ein attest eller ei utskrift. Ved å svare på nokre raske spørsmål, får du hjelp til å bestille rett attest for behovet ditt.
Klage til Skatteetaten
Korleis du skal gå fram for å klage, avheng av kva du skal klage på. I mange tilfelle kan du nå endre sjøl i staden for å klage.