Gi rettar til å representere verksemda
Personar som ønskjer å bruke betalingsløysinga til Skatteetaten på vegner av ei verksemd, må vere registrerte med riktige rettar i Altinn.
Tildeling av rettar må gjerast av ein i verksemda som har signeringsrett i Altinn. Ofte er dette dagleg leiar eller andre nøkkelpersonar i verksemda.
For å kunne tildele rettar til andre brukarar må du ha signeringsrett i Altinn.
Logg deg inn i Altinn og vel korrekt aktør, det vil seie den aktøren/rolla der du representerer verksemda.
Under "Andre med rettar til verksemda" kan du sjå kven som allereie har rettar i verksemda. Her kan du
- fjerne og gi rettar til eksisterande brukarar
- gi rettar til nye brukarar
Dersom du skal gi rettar til ein ny brukar, vel du "Leggje til ny person eller verksemd".
Søk opp den nye brukaren ved å fylle inn både fødselsnummer og etternamn.
Når du har funne rett person, vel du "Gi nye rettar".
Søk opp og vel rett teneste: "Engangsavgift betaling".
Den nye brukaren må ha desse rettane for å gjennomføre betalingar i Skatteetaten si betalingsløysing:
- Lese – ikonet som viser eit auge (til venstre)
- Skrive – ikonet som viser ein blyant (i midten)
Dersom ikonet for å "signere" – pennen (til høgre) – også er aktivert, må du vurdere å fjerne denne tilgangen før du går vidare.
Den nye brukaren som er lagd til med nye rettar, vil no stå i oversikta "Andre med rettar til verksemda" på profilsida di.
Spørsmål om Altinn
Dersom du har spørsmål eller opplever problem knytt til Altinn, inkludert rettar og roller, kontaktar du Altinn brukarservice.