Feriepengar

Feriepengar er skattepliktig inntekt det året dei blir utbetalte. Dei er berre trekkfrie (det blir ikkje trekt skatt) dersom dei blir utbetalte året etter oppteningsåret, og på visse vilkår.

Feriepenger og skatt

Feriepengane blir opptente året før ferien blir avvikla. Feriepengane skal vere minimum 10,2 prosent av lønna i oppteningsåret (12 prosent om du har fem veker ferie). Arbeidstakarar over 60 år har rett på minimum 12,5 prosent (14,3 prosent ved seks veker ferie).

Grunnlaget for feriepengar er oppført på lønnsslippen for oppteningsåret.

Dersom du får feriepengane utbetalt i oppteningsåret, blir du trekt i skatt. Her finn du meir informasjon kva din arbeidsgivar skal gjere, om utrekninga og kva som er trekkfritt og trekkpliktig.

Hugs å kontrollere skattekortet slik at du unngår restskatt.

Når du er privat arbeidsgivar

Lønn for enkeltståande oppdrag gir ikkje grunnlag for feriepengar. Viss arbeidet er gjort i eit arbeidsforhold, har arbeidstakaren krav på feriepengar. Alt om feriepengar finn du i a-meldinga.