Endre formuesverdien av bustad- og fritidseigedom i utlandet
Viss du kan dokumentere at formuesverdien for bustad- eller fritidseigedommen din i utlandet er høgare enn 30 prosent av den reelle marknadsverdien på eigedommen, har du krav på å få formuesverdien sett ned. Skatteetaten rettar ikkje denne verdien utan at du ber om det.
Ved verdsetjinga skal ein ta utgangspunkt i marknadsverdien i utlandet.
Grunnlaget for nedsetjinga (ein takst eller liknande) må vere frå tida etter 1. juli i det inntektsåret formuesverdien knyter seg til.
Dersom formuesverdien på fritidseigedommen din ligg på eit mykje høgare nivå enn for samanliknbare eigedommar elles i distriktet der eigedommen ligg, kan formuesverdien setjast ned etter ei individuell vurdering. Formuesverdien skal då setjast slik at han samsvarer med nivået på formuesverdien for samanliknbare eigedommar i området, og ikkje på ein prosentdel av omsetningsverdien.
- ein takst frå ein kvalifisert takstmann
- ei verdivurdering frå ein eigedomsmeklar som kjenner distriktet
- den observerbare marknadsverdien. Det vil seie det beløpet bustaden/tomta, eller tilnærma lik bustad/tomt i det same området, er seld for. Dokumentasjon på den observerbare marknadsverdien kan vere ein kjøpekontrakt eller liknande der salssummen kjem fram.
- Ved å endre skattekortet: Om du meiner at den estimerte formuesverdien er feil, og at dette har noko å seie for skattetrekket for inntektsåret 2025, kan du endre og bestille eit nytt skattekort. Oppgi den formuesverdien du meiner er rett. Formuesverdien for bustad- og fritidseigedom i utlandet skal ikkje vere høgare enn 30 prosent av marknadsverdien på eigedommen. Du må kunne dokumentere marknadsverdien dersom vi ber om det. Merk at den endra formuesverdien ikkje blir overført til og preutfylt i skattemeldinga di. Du må sjølv endre formuesverdien i skattemeldinga også.
- Ved å endre i skattemeldinga: Du kan endre grunnlaget for formuesverdien når du leverer skattemeldinga viss du meiner at formuesverdien er høgare enn 30 prosent av den dokumenterte marknadsverdien på eigedommen. For bustad- og fritidseigedom i utlandet skal den nye formuesverdien normalt setjast til 30 prosent av den dokumenterte marknadsverdien. Du må kunne dokumentere marknadsverdien dersom vi ber om det. Du kan også endre skattemeldinga dersom formuesverdien ligg høgt over nivået for samanliknbare eigedommar elles i kommunen.
- Endre etter at du har levert skattemeldinga eller fått skatteoppgjeret: Ønskjer du å endre formuesverdien etter at du har levert skattemeldinga eller fått skatteoppgjeret, skal du ikkje gjere dette med å sende inn ein klage.
Du kan endre for inntektsåret 2024 med å sende inn skattemeldinga på nytt. For inntektsåra 2023 eller 2022 må du sende ei endringsmelding.
Høvet til å endre sjølv gjeld i tre år etter fristen for å levere skattemeldinga (normalt 30. april) for det inntektsåret du ønskjer å endre. Du kan likevel ikkje endre sjølv dersom du har fått eit varsel frå skattestyresmaktene om kontroll av opplysningane om formuesverdien, eller du har fått eit vedtak om at skattestyresmaktene har styresmaktsfastsett formuesverdien. I slike tilfelle må ei endring av formuesverdien skje gjennom ein klage til skattestyresmaktene.
Formuesfastsetjinga av bustad- og fritidseigedom i utlandet byggjer på formuesverdien året før. Dersom du har fått formuesverdien redusert eitt år, vil denne reduserte formuesverdien også leggjast til grunn for åra framover, eventuelt justert med vedtatte årlege reguleringar.