Kor mykje skatt skal du betale i Noreg – bustad- og fritidseigedom i utlandet
Det er først når formuesverdien av eigedommar og eigedelar til saman er høgare enn gjelda at du har ein skattepliktig nettoformue.
Det er også fastsett eit såkalla botnfrådrag. Nettoformuen din må såleis vere høgare enn botnfrådraget før du må betale formuesskatt.
Inntektsåret 2023 og 2024
For inntektsåret 2023 og 2024 er botnfrådraget sett til 1,7 millionar kroner for einslege, og 3,4 millionar kroner for ektefellar til saman.
Nettoformue som er høgare enn botnfrådraget blir skattlagd med 1 prosent for formue inntil 20 millionar kroner for einslege, og inntil 40 millionar kroner for ektefellar til saman. Den delen av formuen som går over 20 millionar kroner for einslege, og 40 millionar kroner for ektefellar til saman, blir skattlagd med 1,1 prosent.
Inntektsåra 2025
For inntektsåra 2025 er botnfrådraget sett til 1,76 millionar kroner for einslege, og 3,52 millionar kroner for ektefellar til saman.
Nettoformue som er høgare enn botnfrådraget blir skattlagd med 1 prosent for formue inntil 20 700 000 kroner for einslege, og inntil 41 400 000 kroner for ektefellar til saman. Den delen av formuen som går over 20 700 000 kroner for einslege, og 41 400 000 kroner for ektefellar til saman, blir skattlagd med 1,1 prosent.