Slik blir formuesverdien av bustad- og fritidseigedom i utlandet berekna
Formuesverdien for fast eigedom i utlandet skal fastsetjast etter norske reglar. Vi kan ikkje leggje til grunn ein eventuell formuesverdi fastsett av utanlandske skattestyresmakter i den norske formuesfastsetjinga.
Både bustad- og fritidseigedommar i utlandet skal formuesverdsetjast etter dei reglane som gjeld for fritidseigedommar i Noreg.
For eigedommar som ikkje tidlegare har fått fastsett ein formuesverdi etter norske reglar, skal formuesverdien setjast til maksimalt 30 prosent av marknadsverdien på eigedommen i utlandet, eventuelt til 30 prosent av byggjekostnadene inkludert tomta. For fritidseigedommar kan det bli gjort årlege prosentvise justeringar. Det er ikkje fastsett oppjustering for inntektsåret 2024.
Skatteplikta til Noreg er avgrensa i somme av dei skatteavtalane som Noreg har inngått med andre land.