Når bustaden din har fått for høg formuesverdi som følgje av endra kommunestruktur
Frå 1. januar 2020 vart kommunestrukturen endra. Dette medførte at bustader i enkelte kommunar fekk ein auke i berekna marknadsverdiar (bustadverdien), og dermed potensielt høgare formuesverdi, utan at verdien på bustaden reelt sett har auka.
Det vart vedtatt ein overgangsregel frå og med inntektsåret 2020 for å ivareta dei som kan ha fått for høg berekna formuesverdi på bustadene sine som følgje av endra kommunestruktur.
I skattemeldinga for inntektsåret 2020 kan dei som er omfatta av overgangsregelen velje å bruke den berekna marknadsverdien for 2019 berekna etter bustadverdien, justert for prisvekst etter 2019, som formuesgrunnlag for inntektsåret 2020.
Dette må du gjere i skattemeldinga for inntektsåret 2020
Dersom overgangsregelen gjeld deg, skal du ha fått eit brev frå Skatteetaten, der den prisjusterte verdien er oppgitt.
Logg inn i skattemeldinga og følg rettleiinga som er skildra i brevet du har fått.
Mest gunstig for dei fleste
For dei fleste vil det vere mest gunstig å bruke den prisjusterte 2019-verdien (overgangsregelen) for inntektsåret 2020. I nokre tilfelle vil det vere meir gunstig å halde på verdien som er førehandsutfylt i skattemeldinga. Du kan lese meir om dette under.
I dei tilfella den prisjusterte 2019-verdien er høgare enn den berekna marknadsverdien (bustadverdi) for 2020, vil det vere mest gunstig å bruke den førehandsutfylte verdien som formuesgrunnlag.
Dersom dette er tilfellet for deg skal du ha fått informasjon om det i brevet frå oss.
Dersom du har fått sett ned formuesverdien på bustaden eit tidlegare år på grunnlag av dokumentert marknadsverdi, har du rett på ei forholdsmessig nedsetjing av den berekna marknadsverdien (bustadverdien) og formuesverdien i dei fem åra som følgjer. Den berekna marknadsverdien i skattemeldinga di for 2020 vil då vere lågare enn den berekna marknadsverdien (bustadverdien) som er opplyst i brevet frå oss.
Det vil ikkje alltid vere mest gunstig å velja den lågaste berekna marknadsverdien. Dette kjem av at prosentsatsen for fastsetjing av formuesverdien er høgare når den berekna marknadsverdien er nedjustert på grunnlag av ein dokumentert marknadsverdi eit tidlegare år. Du bør derfor sjekke om det er mest gunstig for deg å halde på den nedjusterte, berekna marknadsverdien i skattemeldinga, eller om det er mest gunstig å bruke den prisjusterte 2019-verdien.
Døme
I dømet under er det tatt utgangspunkt i at bustaden er primærbustaden din, at du eig 100 prosent av bustaden og at verdsetjinga gjeld for inntektsåret 2020.
Berekna marknadsverdi (bustadverdi)
Berekna marknadsverdi (bustadverdi) for inntektsåret 2020 (bustadkalkulator 2020):
5 200 000 kr
Berekna marknadsverdi på grunnlag av prisjustert 2019-verdi (bustadkalkulator 2019 + prisauke):
4 944 000 kr
Berekna marknadsverdi nedjustert på grunnlag av dokumentert marknadsverdi eit tidlegare år:
4 264 000 kr
Når formuesverdien blir rekna ut på grunnlag av berekna marknadsverdi (bustadverdi) blir formuesverdien fastsett til 25 prosent av den berekna marknadsverdien for primærbustader og 90 prosent for sekundærbustader.
Dei same prosentsatsane gjeld når du bruker den prisjusterte 2019-verdien (overgangsregelen).
Dersom du har fått sett ned formuesverdien på grunnlag av ein dokumentert marknadsverdi, blir formuesverdien fastsett til 30 prosent av den berekna marknadsverdien for primærbustader og 100 prosent for sekundærbustader.
Berekna formuesverdi
Formuesverdi fastsett på grunnlag av berekna marknadsverdi (25 prosent av bustadverdi) for inntektsåret 2020:
1 300 000 kr
Formuesverdi fastsett på grunnlag av prisjustert 2019-verdi (25 prosent av bustadverdi):
1 236 000 kr
Formuesverdi fastsett på grunnlag av nedjustert berekna marknadsverdi (30 prosent av bustadverdi) som følgje av dokumentert marknadsverdi oppgitt eit tidlegare år:
1 279 200 kr
Her lønner det seg å bruke den verdien som gir den lågaste formuesverdien. I dømet ser vi at den prisjusterte 2019-verdien (overgangsregelen) gir den lågaste formuesverdien.
Dette gjeld berre for deg som:
- har fått sett ned formuesverdien på bustaden eit tidlegare år,
- bur i ein kommune med eigedomsskatt på bustader, og
- kommunen bruker formuesgrunnlaga våre til å fastsetje eigedomsskatten.
Når du ikkje skal betale formuesskatt, men formuesgrunnlaget skal brukast til å fastsetje eigedomsskatt:
Dersom bustaden din ligg i ein kommune som bruker formuesgrunnlaget til Skatteetaten ved utskriving av eigedomsskatt, og du ikkje skal betale formuesskatt, lønner det seg å velje den verdien som gir den lågaste berekna marknadsverdien. I dømet ser vi at det er den nedjusterte berekna marknadsverdien som følgje av ein dokumentert marknadsverdi eit tidlegare år, som gir den lågaste berekna marknadsverdien på bustaden.
Når du skal betale formuesskatt og formuesgrunnlaget skal brukast til å fastsetje eigedomsskatt:
Dersom du skal betale formuesskatt og kommunen bruker formuesgrunnlaget til Skatteetaten ved utskriving av eigedomsskatt, bør du gjennomføre ei konkret vurdering av kva som lønner seg for deg.
Du kan lese meir om skattesatsar og innslagspunkt for formuesskatt
Informasjon om korleis kommunen fastset eigedomsskatten på bustader finn du på nettsidene til kommunen din.