Fullmakt for gravferdsbyrå

Gravferdsbyrå kan få fullmakt frå arvingane til å søkje om gravferdsstøtte frå Nav. I søknaden er det krav om ei utskrift av skattemeldinga eller skatteoppgjeret til den avdøde. Gravferdsbyrået kan bestille utskrifta frå oss. Dei må leggje ved ein kopi av fullmakta. 

Dersom de bruker denne fullmakta og sender bestillinga elektronisk som organisasjon, kan de få utskrifta i Altinn. Det er den raskaste måten å få utskrifta på.

Hugs å leggje ved ferdig utfylt fullmakt. Dersom fullmakta ikkje er signert digitalt, må du leggje ved kopi av legitimasjonen til fullmaktsgivaren. 

Førespurnad kan du sende via kontaktskjemaet eller per post til:

Skatteetaten
Postboks 9200 - Grønland
0134 OSLO