Inntektsmottakaren manglar identifikasjonsnummer
F180C / MAGNET_EDAG-180C
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ufullstendige opplysningar om kven ein inntektsmottakar er.
Dersom inntektsmottakar ikkje har fødselsnummer eller D-nummer, må du føre opp:
- internasjonalt ID-nummer
- type ID-nummer
- landkode for ID-nummer
- namn på inntektsmottakar
- fødselsdato
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Før opp dei opplysningane som manglar for å identifisere inntektsmottakaren.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein sjukeheim sender a-melding med opplysningar om Pjotr. Han har ikkje fått tildelt norsk D-nummer enno. Sjukeheimen får feilmelding MAGNET_EDAG-180C fordi opplysninga om fødselsdato manglar.
For å rette feilen oppgir sjukeheimen: | |
Fødselsdato | Pjotr sin fødselsdato |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.