Permisjonsprosent må vere frå 0–100
F286 / MAGNET_EDAG-286
Kvifor denne feilmeldinga
Permisjons- eller permitteringsprosenten må vere frå 0–100. Du har oppgitt ein prosent som er høgare enn 100 eller mindre enn 0 (negativt tal).
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Sjekk kva permisjonsprosent eller permitteringsprosent du har oppgitt, og rett til riktig prosent. Permisjons- eller permitteringsprosenten kan aldri vere over 100 eller under 0.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
- Det er nok at du rettar feilen på siste innsende a-melding. Du treng ikkje å rette a-meldingar tilbake i tid.
Døme
Eit sjukehus sender a-melding for januar med opplysningar om at Linda har permisjon på 110 %.
Dei får tilbakemeldinga MAGNET_EDAG-286 fordi dei oppgir ein permisjonsprosent for Linda på over 100.
Sjukehuset oppgir riktig permisjonsprosent for Linda: | |
Permisjonsprosent | 100 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysingar.