Ugyldig beløp
F280 / MAGNET_EDAG-280
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein verdi i eit beløpsfelt som er ugyldig.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- oppgitt eit beløp som er så stort at det ikkje kan behandlast
- oppgitt for mange desimalar på eit beløp
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn verdien du har brukt som er ugyldig.
- Før opp riktig beløp/verdi.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein butikk sender a-melding for februar og oppgir fastlønn for Kari på 52 222 222 222 222 kroner.
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-280 fordi beløpet ikkje kan vere gyldig for fastlønn.
Butikken endrar fastlønna til Kari: | |
Fastlønn | 52 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.