Ugyldig yrkeskode
F115 / MAGNET_EDAG-115
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein yrkeskode som er ugyldig.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- tasta eit feil nummer
- oppgitt ein kode som ikkje finst i yrkeskatalogen til SSB
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller yrkeskoden du har brukt og endre til eit gyldig nummer. Du finn gyldige yrkeskodar i Yrkeskatalogen på ssb.no.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein butikk sender a-melding for februar med opplysningar om yrkeskode 0000000 for Kari som har eit ordinært arbeidsforhold.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-115 fordi 0000000 ikkje er ein gyldig yrkeskode.
Butikken endrar yrkeskode for Kari til: | |
Yrkeskode | 5221 156 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.