Trekkpliktige naturalytingar – uspesifiserte
Gjeld trekkpliktige naturalytingar som ikkje krev særskild spesifisering.
Kort om uspesifiserte trekkpliktige naturalytingar
Før opp uspesifiserte trekkpliktige naturalytingar.
Dette gjeld til dømes:
- skattepliktig fordel av fritt arbeidstøy
- skattepliktig verdi av gåver i tilsetjingsforhold
- feriereise betalt av arbeidsgivar
- fri straum
- fri avis – i utgangspunktet alle slike abonnement, men privat tilgang til ei eller fleire aviser eller nyheitstenester dekte av arbeidsgivar er ikkje skattepliktig når det er tenestelege behov for den tilsette til å disponere tenesta.
- ektefelle/familie med på tenestereise kosta av arbeidsgivar
- skattepliktig fordel av bompengeabonnement/-avgift, månadskort og klippekort betalt av arbeidsgivar
- skattepliktig fordel ved tilskot frå arbeidsgivar til barnehage for barna til dei tilsette
- personleg medlemskort som gir dei ansatte rett til fri bruk av helsestudio, treningssenter mv.
- dekning av skattepliktige innhaldstenester. Les om fellesfakturerte tenester ved dekning av EKOM her
Inntektsmottakaren kan vere skattemessig busett i Noreg eller i utlandet.
Sjå Skatte-ABC Naturalytingar i arbeidsforhold
Les meir om kva som er skattepliktige og skattefrie velferdstiltak i Skatte-ABC
Overtidsmat
Dersom arbeidsgivar dekkjer eit måltid mat ved samanhengande arbeid over 10 timar som overstig beløpsgrensa på 200 kr, skal det overskytande beløpet førast opp her. Det same gjeld heile beløpet viss kravet til samanhengande arbeid over 10 timar ikkje er oppfylt. Viss måltidet blir dekt ved refusjon skal du føre opp det overskytande beløpet som «kontantyting, anna».
Les meir om reglane knytta til overtidsmat.
Velferdstiltak
Fordel i form av velferdstiltak i arbeidsforhold er som utgangspunkt skattepliktig inntekt for den tilsette. Unnatak frå skatteplikt gjeld dersom tiltaket er ei naturalyting og blir rekna som rimeleg velferdstiltak. Dersom eit velferdstiltak er skattepliktig skal du føre det opp her, viss det ikkje finst ei anna inntektsnemning som passar.
Les mer om gåver og reiser betalt av arbeidsgivar
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, anna |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon dersom inntekta er opptent i utlandet eller på utanlandsk kontinentalsokkel: |
|
Opptent på kontinentalsokkel | ja/nei dersom aktuelt |
Oppteningsland | landkode dersom ytinga er opptent i utlandet |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «anna».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".
Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.
Dersom ytinga er opptent i utlandet og/eller på utanlandsk kontinentalsokkel:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregel for Svalbard kan ikkje nyttast med spesifikasjonen «opptent på kontinentalsokkel».
Tilleggsinformasjon
- Kontinentalsokkel
Før opp ja/nei under «opptjent på kontinentalsokkel» dersom ytinga er tent opp i utlandet. Du kan ikkje kombinere "opptent på kontinentalsokkel" med skatte- og avgiftsregel Svalbard. - Oppteningsland
Før opp landkode dersom ytinga er opptent i utlandet.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har gitt ytinga.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om uspesifiserte trekkpliktige naturalytingar til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk