Burett (kår) og føderåd
Burett (kår) og føderåd betyr at kjøparen av ein jordbrukseigedom betaler for eigedommen i form av årlege ytingar så lenge seljaren lever, til dømes gjennom at seljaren får bu på garden.
Kort om
- Burett (kår) betyr at seljaren får rett til å bu på gardsbruket i heile levetida si.
- Føderåd betyr at seljaren får eit pengebeløp eller produkt frå garden kvart år i heile levetida si. Det kan til dømes vere grønsaker, ved eller liknande.
Seljaren kan også få ein kombinasjon av burett (kår) og føderåd.
For at ei betaling skal reknast som burett (kår) eller føderåd, må betalinga vere årleg så lenge seljaren lever. Ein avtale om at betalinga skal skje fram til ein viss dato, er ikkje burett eller føderåd. Det er ei avdragsbetaling.
Dette må du gjere
Vel det som gjeld deg:
Du skal skatte for verdien av buretten og/eller føderådet du får kvart år, anten det er pengar eller produkt frå gardsbruket.
Dette beløpet er vanlegvis førehandsutfylt i skattemeldinga di, men du må sjekke at det er rett.
Verdien av buretten og føderådet er personinntekt og inngår i grunnlaget for minstefrådraget.
Du må fordele kjøpesummen eller vederlaget på dei ulike eigedelane som følgjer med gardsbruket.
Verdien av kåret og/eller føderådet skal trekkjast frå før du fordeler kjøpesummen eller vederlaget på dei ulike eigedelane.
Verdien av buretten skal trekkjast frå bustaden. Andre ytingar skal fordelast forholdsmessig på alle eigedelane.
Oppgi frådraga i skattemeldinga:
Du får frådrag for det du betaler i form av kår og/eller føderåd, anten det er pengar eller produkt frå gardsbruket.
Du får også frådrag for kostnader knytte til kårhuset, etter dei same reglane som for utleige av bustad.
Du må oppgi frådraga i skattemeldinga.
Levere a-melding:
Du må levere a-melding ein gong i året der du oppgir verdiane som lønn eller pensjon på den eller dei som får kår og/eller føderåd.
Viss du driv jordbruksverksemd, skal verdien på kåret og/eller føderådet også førast som inntekt i jordbruksverksemda.
Viss du avsluttar jordbruksverksemda, skal du framleis oppgi inntekta i skattemeldinga så lenge kåret og/eller føderådet varer.
Viss seljaren får produkt frå garden, skal verdien på produkta setjast til marknadsverdien.
Mjølk, poteter, fisk, reinkjøtt og ved har eigne satsar. Desse finn du i takseringsreglane som blir oppdaterte kvart år.
For andre produkt må du sjølv oppgi marknadsverdien, det vil seie det du kunne selt produkta for.
Eit kår og/eller eit føderåd gjeld så lenge seljaren lever. Viss avtalen blir avslutta før seljaren døyr, må kjøparen berekne eit mellomlegg og betale det ut til seljaren.
For å finne mellomlegget, må du berekne verdien av kåret og/eller føderådet for den noverande alderen på seljaren og trekkje frå den opphavlege verdien.
Summen som du betaler ut til seljaren skal leggjast til den opphavlege kjøpesummen på gardsbruket.
For seljaren vil denne utbetalinga vere ei skattepliktig inntekt.
Viss seljaren gir heilt avkall på kåret og/eller føderådet, blir dette normalt rekna som ei skattefri gåve. Då har det ikkje nokon skattemessig verknad for verken kjøparen eller seljaren.
Dokumentasjon
Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.