Tvangsmulkt

Tvangsmulkt er ei dagleg bot som verksemder kan bli pålagde å betale viss dei ikkje leverer opplysningane dei skal innan fristen.

Gjeld det meg?

Alle verksemder kan få tvangsmulkt om dei ikkje leverer opplysningane dei har plikt til innan fristen.

Du kan få tvangsmulkt viss du ikkje leverer 

  • aksjonærregisteroppgåva 
  • mva-meldinga 
  • a-meldinga  
  • skattemeldinga for personleg næringsdrivande og aksjeselskap  
  • særavgiftsmelding  
  • tredjepartsopplysningar (grunnlagsdata) 

Du kan også få tvangsmulkt dersom verksemda ikkje rettar seg etter reglane i bokføringslova, kravet om OTP (obligatorisk tenestepensjon) for tilsette, eller ikkje gir opplysningar vi har bedt om i ein kontroll. 

Dette må du gjere

Viss du ikkje har levert opplysningane du er plikta til innan fristen, sender vi deg eit brev med varsel og eit vilkårsbunde vedtak om tvangsmulkt. I brevet får du ein ny frist for å levere opplysningane. Dersom du ikkje leverer opplysningane innan den nye fristen, vil du få ei dagleg mulkt.

Tvangsmulkta går fram til du leverer opplysningane me har bedt om, eller til maksgrensa for tvangsmulkt er nådd. 

Viss du blir pålagd å betale tvangsmulkt, vil du få ein faktura frå oss med informasjon om betaling.

Satsar og nøkkeltal

Vi reknar ut storleiken på tvangsmulkta ut frå eitrettsgebyr. 

I 2024 er rettsgebyret 1277 kroner per dag. Dei ulike oppgåvene og meldingane har ulike satsar.

Satsen er eit halvt rettsgebyr per dag.

Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 63 850 kroner. 

Satsen er 1/10 av rettsgebyret per inntektsmottakar som manglar eller har feil i opplysningane per dag.

Maksgrensa er 1 000 rettsgebyr per periode. Maksbeløpet er 1 277 000 kroner per periode.

Satsen er eitt rettsgebyr per dag.

Maksbeløpet er 1 000 000 kroner. 

Satsen er eit halvt rettsgebyr per dag.

Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 63 850 kroner. 

Satsen er 250 kroner per tilsett per dag.

Mulkta går fram til du kan dokumentere at pensjonsordninga er oppretta. 

Satsen er eit halvt rettsgebyr per dag.

Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 63 850 kroner. 

Satsen er eit halvt rettsgebyr per dag.

Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 63 850 kroner.

Satsen er eit halvt rettsgebyr per dag.

Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 63 850 kroner. 

Du kan klage

Viss du har fått tvangsmulkt, kan du klage på vedtaket. 

Du må betale tvangsmulkta sjølv om du klagar. 

Rettskjelder