Nytt skattekort for 2024
No kan du hente skattekortene for dine ansatte
Skjema RF-1307
RF-1307 Bestill skattekort uten lønnssystem
Dersom du representerer ein organisasjon eller er personleg arbeidsgivar, kan du bestille elektronisk skattekort for dei tilsette utan å bruke lønnssystem.
- Du får tilgang til skattekorta innan 30 minutt i innboksen i Altinn.
- Organisasjonar kan hente skattekort for opptil 10 tilsette om gongen. Har du fleire tilsette, kan du hente skattekort i fleire omgangar.
- Er du personleg arbeidsgivar og skal engasjere privatpersonar for arbeid heime eller på fritidseigedommen, kan du hente skattekort for inntil 4 tilsette.
- Når ein av dei tilsette endrar skattekort, sender vi melding til innboksen din i Altinn. Du hentar endringane ved å krysse av for Hente endringar og sende inn skjemaet. Då får du alle skattekorta som er endra sidan siste førespurnad. Du kan òg velje å hente endringar frå ein bestemd dato.
Du kan bruke skattekort for 2023 på lønnskøyringa i januar 2024.
Ordninga er ikkje synkronisert med NAV sitt AA-register
Ordninga med elektronisk skattekort er ikkje synkronisert med NAV sitt AA-register. Registrering / manglande registrering i AA-registeret har derfor ikkje noko å seie for innhenting av elektronisk skattekort.