Skjema RF-1616
Melding om gåver, gåvesal, overdraging mellom nære slektningar og om utdeling av midlar frå uskifta bu
Arveavgifta vart fjerna frå og med 1. januar 2014. For gåver og arv i 2014 eller seinare, skal du ikkje sende inn arvemelding eller gåvemelding til Skatteetaten.
Dersom du har arva eller fått ei pengegåve på 100 000 kroner eller meir, skal du likevel opplyse om dette i skattemeldinga for det året du fekk pengane.
Arv og gåver er i utgangspunktet ikkje skattepliktig inntekt, men du skal føre det i skattemeldinga fordi Skatteetaten ønskjer å vite kvar store pengebeløp kjem frå dersom formuen din har vakse eller du har betalt ned gjeld.
Dersom du ikkje har meldt inn avgiftspliktige gåver som du fekk i 2013 eller tidlegare, må du gjere dette.