Sats for:

Heimekontor – sats for trekkfri og skattefri utgiftsgodtgjersle

Dersom ein arbeidstakar har eit rom i bustaden sin som berre blir nytta til heimekontor, kan arbeidsgivaren betale ut ei trekkfri og skattefri heimekontorgodtgjersle til den tilsette. Kombinert bruk av eit arbeidsrom, til dømes dersom arbeidsrommet også er ei stove eller eit soverom, gir ikkje rett til ei skattefri utgiftsgodtgjersle. 

Tidlegare vart det fastsett ein standard frådragssats for heimekontor på slutten av inntektsåret. Frå og med inntektsåret 2024 blir det fastsett ein sats for utgiftsgodtgjersle før inntektsåret startar.  


Sats for heimekontorgodtgjersle: 2 128 kroner per år