Startdato for arbeidsforholdet er endra frå førre rapportering
F110 / MAGNET_EDAG-110
Kvifor denne feilmeldinga
Du har ført opp ein annan startdato på arbeidsforholdet enn startdatoen du oppgav førre månad.
Feilmeldinga kan kome av at:
- du har oppgitt feil startdato
- du har endra startdatoen fordi den tilsette har endra yrke eller stillingsprosent. Startdato skal berre referere til datoen når personen starta i arbeidsforholdet, ikkje til endringar i innhaldet i jobben
- arbeidstakaren har jobba for deg tidlegare og du har brukt den same arbeidsforholdsID-en som førre gongen du gav opplysningar om arbeidstakaren (då har du i tilfelle "overskrive" den førre startdatoen og dette må rettast, ettersom det er snakk om to ulike arbeidsforhold etter kvarandre)
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om du har oppgitt feil startdato på arbeidsforholdet.
- Er startdatoen feil, før opp rett startdato på arbeidsforholdet.
- Dersom du har brukt oppatt ein arbeidsforholdsID, blir opplysningar du har oppgitt tidlegare overskrive. Du må då oppgi det siste arbeidsforholdet på ein NY arbeidsforholdsID (tilrår å gjere dette med ei erstatningsmelding).
- Dersom det har skjedd ein reell endring av startdato, treng du ikkje gjere noko.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
- Det er nok at du rettar feilen på siste innsende a-melding. Du treng ikkje å rette a-meldingar tilbake i tid.
Døme 1 – startdatoen er feil
Ein frisørsalong sender a-melding for mai der startdato for arbeidsforholdet til Kari er 1. mai. I a-melding for juni oppgir dei at startdatoen er 12. mai.
Frisørsalongen får feilmeldinga MAGNET_EDAG-110 fordi startdatoen er endra. 12. mai er feil startdato, det skulle ha vore 1. mai.
Frisørsalongen endrar startdato for Kari til: | |
Startdato for arbeidsforholdet | 1. mai |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme 2 – startdatoen er enda
Eit serviceselskap sender a-melding for august med opplysningar om at startdato for arbeidsforholdet til Anna er 1. august. I a-melding for september oppgir dei at startdatoen er 12. august. Det var opphavleg avtalt at Anne skulle starte 1. august, men avtalen blei endra til 12. august.
Serviceselskapet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-110 fordi startdatoen er endra.
Dei trent ikkje endre noko, ettersom startdatoen dei har oppgitt er rett.
Døme 3 – stillingsprosenten er endra og startdatoen er feil
Per byrja å jobbe i ein butikk den 15. september. Den 1. november endrar han stillingsprosent frå 20 til 100 prosent.
I a-melding for november oppgir butikken ved ein feil 1. november som startdato for arbeidsforholdet.
Butikken endrar opplysningar om Per til: | |
Startdato for arbeidsforholdet | 15. september |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 1. november |
Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare. I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme 4 – gjenbruk av arbeidsforholdsID
William jobba i ein butikk frå januar til mai. Arbeidsforholdet blei rapportert med arbeidsforholdsID x. Butikken oppgav sluttdato for arbeidsforholdet til William i mai.
I september byrjar William å jobbe i den same butikken att. Dei oppgir ein ny startdato på arbeidsforholdet til William, men brukar den same arbeidsforholdsID-en som dei brukte frå januar til mai, altså x.
Butikken får feilmeldinga MAGNET_EDAG-110 fordi startdatoen er endra. Dei skulle ha brukt ein ny arbeidsforholdsID.
I a-meldinga for september oppgir dei ein NY arbeidsforholdsID og startdato for arbeidsforholdet som byrja i september. | |
ArbeidsforholdsID | y |
Startdato for arbeidsforholdet | 1. september |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.